Fiskehuset

Roman

Hardcover, 136 pages

Norwegian, Norsk, nynorsk language

Published by Oktober.

ISBN:
978-82-495-2407-5
Copied ISBN!
No rating (0 reviews)

«- Ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk. Onkel Ivar ser rett på meg. Sjølv om panna er drivvåt, ligg den amerikanske sideskilen perfekt. Me står på vollen ved båthuset. Vatnet Storsenn breier seg mot vest. Det er større enn eg hugsar. Ivar myser i lynklart haustvêr. Han har høge gummisko, feltjakke, strikkavottar og bremluve med øyrelappar. Det er berre fire kilometer frå parkeringa, men for Ivar vart det fire mil. Framoverbøygd og tungpusta kjempa han seg hit. Tyngdekrafta og hardt ramma ryggvirvlar pressa han mot bakken. To gonger ramla han. Fyrst trakka han feil og datt sidelengs. Sekken og han låg samanfletta med ungskogen. Han freste som ein hoggorm då eg fekk han laus. Like etter datt han bakover i stigen. Han kila fast baken mellom to steinar. Då eg sprang til for å hjelpe, slo han etter meg med staven. Han kom seg …

2 editions