Edvard Masoni

Ein samisk misjonær i kolonialismens tidsalder

Hardcover, 282 pages

Nynorsk language

Published by Pax Forlag.

ISBN:
978-82-530-4329-6
Copied ISBN!
No rating (0 reviews)

Edvard Masoni vart fødd i husmannsgrenda Rasta i Rana på Helgeland i 1870. Han voks opp i djup fattigdom og som same høyrde han til eit folk med låg status både i lokalmiljøet og i det norske storsamfunnet. Det som likevel skilde Edvard Masoni frå dei fleste andre samar på denne tida, var at han etter kvart tok to lange akademiske utdanningar. Han studerte teologi ved misjonsskulen i Stavanger, og medisin i USA. Medisinutdanninga brukte han til å praktisera som lege på den kinesiske landsbygda frå 1912 og fram til slutten av 1920-talet.

Masoni drog for første gong til Kina for å driva misjon i 1898. To år etter at han kom til landet braut det ut store opptøyar som inneheldt sterke antivestlege stemningar, boksaropprøret. Mange misjonærar vart drepne. Alle misjonærane frå Noreg med unntak av Masoni reiste då heim. Masoni vart fanga av opprørarar og dømt til døden, men …

1 edition