Back

For 2024 hadde eg to mål.

1. Lese av
2. Bli flink på notelesing og pianospeling

Eg endte opp med å lese nesten alt av Jon Fosse i løpet av året, pluss 160~ andre titlar.

Men piano forsvant hen. Eg kan enda det eg kunne i januar (og litt til), men ikkje mykje meir.

No lurar eg på kva slags mål eg skal sette meg for neste år. Trur eg skal ha handfaste mål slik som "les Septologien", mål som er enklare å avgjerde om eg har gjennomført eller ei.

For 2024 var måla mine å få til hobbygreiar, for 2025 satsar eg litt meir.

Mitt fyrste mål er å sette i samen to diktsamlingar. Eg har to spesifikke samlingar i tankane, men let målet stå meir opent.

Det andre målet er å fullføre ei kortprosaforteljing eg starta på i fjor. Den går gjennom diverse stadier av livet mitt. Mest sjølvforteljande, men sikkert ein del oppspinn.

Mitt tredje mål er å bli lukkeleg gift. Det burde forhåpentligvis gå av seg sjølv.