Back
Lina Breidablik: Heime aleine (Hardcover, Nynorsk language, 2023, Gyldendal) No rating

Ei fin lita bok. Det er vel ein roman, sjølv om det ikkje eigentleg er særleg handling. Me følgjer ei dame i Oslo sine refleksjonar om det som foregår rundt ho. Det er ikkje eit uttalt kjærleisplott, noko som fekk meg til å tenke på om boka handla om det å vere singel - det å bere på tankar om folka rundt seg, men ikkje eigentleg ha noko utlaup for dei. Men eg trur ikkje det er eit poeng i boka. Eg likte særleg refleksjonen om ambulansehelikopter: Me, som samfunn, har bestemt at me skal gjere alt kva me kan for å få hjarte som slutter å banke, til å banke att. Derfor trener me folk opp i årevis, kjøper kjempedyrt utstyr og setter i gang eit valdsamt apparat kvar gong eit hjarte slutter å slå. Fine tankar.