User Profile

Rudi

Rudi@bookwyrm.social

Joined 2 years, 11 months ago

Lærar i norsk og historie. Datanerd. (Foto: Erik Skybak)

(Reviews in Norwegian)

This link opens in a pop-up window

2025 Reading Goal

Success! Rudi has read 35 of 30 books.

Las denne med elevar. Ein stor suksess for min del, i den forstand at eg hadde det kjekt. Eg trur også at mange av elevane koste seg. Det tok litt tid å kome inn i, og det hadde kanskje vore lurt å visualisere lesinga litt med bilete frå ei oppsetjing.

Sjølve stykket har eg lese nokre gongar før, men det er ei stund sidan no. Eg likte kor erkebergenske enkelte av figurane var. Det er ikkje mykje subtilitet i stykket, men det var vel heller ikkje noko mål. Eg liker også godt korleis Grieg skildrar kva han se for seg av musikkovergangar, bruk av lys og liknande. Det er noko anna enn Ibsen sine dører.

Ein fin novellesamling som skildrar folk, ofte arbeidsfolk, som på ulikt vis opplever at noko skurrar i livet. Ein blir stort sett kasta inn i situasjonar, der ein må navigere oss inn i kva det er som skjer, og kven det er som fortel (eller blir fortalt om). Det blei stort sett til at eg las ei og ei novelle, sjølv om det ikkje er store boka. Det er på ein måte litt krevjande å bli kasta ut i ein ny skjebne kvar gong, sjølv om eg aldri var misnøgd då novellene var over.

Ei lita bok som samlar kinesiske spøkelseshistoriar. To hovudtankar: 1) Forordet er rosinen i denne pølsa. Det er den lengste teksta i boka, og det hamrar laus mot Vesten og om kor gode kinesarar (og dei kinesiske styresmaktene) er i forhald til dei. Skikkeleg propaganda. 2) Spøkelseshistoriane har alle same tema: folk som ikkje er så redde for spøkelse. For slik er dei beste kinesarane, meinar boka. Men tru om dei som samla desse historiene, som alle ser ut til å vere frå antikvare kjelder, eigentleg berre har det som eit påskudd for å få lov til å gje boka ut?

Sjølve historiane er ofte ganske kjedlege og lette å gløyme. Men det er veldig fine illustrasjonar til.

Øystein Hellesøe Brekke: Kontoret (Hardcover, Bokmål language, 2024, Bonnier norsk forlag)

Kontoret er historien om hanseatene i Norge, for første gang samlet i én fremstilling. Boken …

Eg har tidlegare vore guide på Bryggen i Bergen og prata høgt og mykje om kva hanseatane gjorde. Eg skulle ønske eg hadde lese denne boka den gong då. Ikkje fordi eg sa mykje som var feil, men fordi eg i for stor grad omtalte dei som ein fast form, heller enn eit endrande landskap. Denne boka får flott fram korleis dei klarte å halde ein viss kontinuitet, sjølv om dei gjekk gjennom store endringar. Og eg liker korleis han hentar fram konkrete historiar (gjerne frå rettsdokument) og brukar dei til å forstå tida han skildrer.

Samtidig blei det av og til litt for mange namn og hendingar på få sider, som gjorde at det av og til gjekk litt i ball for meg. Men det handlar sikkert like mykje om at eg delte opp lesinga over lang tid.

Tor Åge Bringsværd, Jon Bing, Sigbjørn Lilleeng: Inntrenger (Hardcover, Norwegian language, 2021, Vigmostad og Bjørke) No rating

Tegneserieversjon av sci-fi-klassiker

Besetningen på romskipet Marco Polo våkner opp til nyheten om at …

Eg likar at denne er basert på manuset til ein TV-serie (Blindpassasjer) heller enn sjølve TV-serien. Det gjer at eg både kan kjenne att historia, men samtidig oppleve ho som ny.

Det er ikkje lenger eit marked for blad vil eg tru, men mest av alt tenkte eg at dette hadde vore perfekt som følgjetong i eit teikneserieblad. Kanskje av typen antologiblad som dei hadde før, i teikneseriane si storheitstid. Tenk om nokre dusin norske/nordiske serieteiknarar kunne ha livnært seg på å lage teikneseriar til noko sånn. Og om ein kunne ha kome på jobb/skule dagen etter bladet kom i postkassa å snakke om det. Akk.

finished reading Ålevangeliet by Patrik Svensson (Gyldendal pocket)

Patrik Svensson, Rune Rogndokken Moen: Ålevangeliet (Paperback, Norsk bokmål language, Gyldendal)

Ålen er mytisk, mystisk og utrydningstruet, og Åleevangeliet er en bok om verdens mest gåtefulle …

Ikkje la deg lure: denne boka handlar faktisk om ål. Ja, det er eit essay som også er innom døden, vitskap og familie. Men først og fremst er det ei skikkeleg fin bok om mysteriet som er ålen. I tillegg til ein god dose biologisk informasjon om ål, følgjer boka også den reisa som menneskje har vore gjennom for å lære meir om ålen. Og alt me framleis ikkje veit.

Eg kan ikkje sjå føre meg nokon som denne boka ikkje er relevant for.

Anne Gunn Halvorsen: Mitt internett (Hardcover, Norsk nynorsk language)

Korleis vart internett ein del av oss? Dette spørsmålet utforskar Anne Gunn Halvorsen i denne …

Forfattaren ser på ein eigen oppvekst for å forstå meir av borna sin oppvekst, og med hjelp av dagbøker, intervju og noko research så får ho fram kva rolle Internett spelte i livet til dei unge i slutten av 90-åra. Eg kunne godt tenkt meg eit mer sakleg essay om det same, men eg synst også at dette prosjektet fungerer godt. Mest av alt saknar eg eit kritisk blikk på merksemindustrien, som var eit heilt anna beist i hennar oppvekst enn det er no.

Eg kjenner meg elles til dels att i å sitte oppe om nettene for å prate på IRC, og det å vere frå ei lita bygd. Men eg var mindre opptatt av å bli ein del av festmiljøa i regionen, så mi tid var etter mest på nerdete internasjonale praterom. Eg tenkjer ofte på kor tett eg var på alle dei folka den gong då, …

Erlend Loe: Kukene/Kukane (Hardcover, Norsk bokmål language, 2025, Cappelen Damm) No rating

Kukane

Ein dag fell penisen til Tander av medan han står i dusjen.

Eg lo fleire gonger i laupet av denne romanen, og om du liker Erlend Loe sin humor, vil du også like denne. Den har nokre satiriske spark i mange retningar, men eg er einig med anmelderkorpset sin kritikk av det låge ambisjonsnivået her. Loe gjer det litt for enkelt for seg sjølv med å ikkje ta historia/konseptet lenger.

(Eg las denne på nynorsk, men eg veit eigentleg ikkje kor mykje det har å seie.)

Are Kalvø: Berre bønder lengtar heim (Hardcover, Norsk nynorsk language, 2024, Kagge) No rating

Ein gong for alle: Kva er best, by eller land?

Så lenge Are Kalvø …

I denne boka ser Are Kalvø på korleis det er å bu på Utsira opp mot korleis det er å bu i London. Men eigentleg er det ei bok der han raljerer om Utsira og utforsker skilet mellom by og bygd. Og han seier mykje klokt, hans skildringar og refleksjonar om Utsira står såpass godt på eigne bein at "prosjektet" som boka bygger på (med skjema og London-opphald) for meg er meir i vegen enn dei er nødvendige. Eg liker boka best når ho er på sitt mest essayistiske, der han koplar hendingar med tankar om bygdelivet generelt.

Theodor Kittelsen, Frode Sandvik: "Hvad er livet?" (Norwegian language, 2011, Bergen Kunstmuseum, No Comprendo Press) No rating

"Hvad er livet?" viser den samfunnsatiriske siden til Theodor Kittelsen. Inneholder bl.a. "Hundemordet" , "Har …

Kittelsen var morosam, sjølv om det må innrømme at det nok ikkje er alt som er like moro teke ut av kontekst. I denne boka får ein først og fremst sjå ein del flotte illustrasjonar av Kittelsen, men eg likte også godt essayet av John David Nielsen. I det argumenterer han for at Kittelsen ikkje er ein god illustratør fordi teikningane steler merksemda med å vere eigne verk - og at han ikkje er god til å teikne for born fordi han sjølv teiknar med eit born sitt blikk. Begge poenga argumenterer han godt for. Eit høgdepunkt er hans tolking av Batrachomyomachia, mest fordi eg ikkje visste at det fanst.

Erika Fatland: Sjøfareren (Hardcover, Norwegian language)

Sommarens leseprosjekt, med nokre opphald. Eg kan fort ta meg i å bli sjalu (eller kjede meg) når eg lese reisebøker, men Fatland klarer veldig fint å balansere eigne erfaringar med dyktig historieformidling. Og mens eg kjem til å gløyme mykje av det eg har lese i denne (også), er det også delar av han som har sette seg, t.d. historia om Fernão Lopes på Saint Helena. Fy søder.

Mikael Nydahl, Dmitrij Strotsev, Gunnar Wærness: Belarus på hodet (Paperback, Norsk bokmål language, 2022, H//O//F) No rating

Original tittel: Belarus' oprokinuta Dmitrij Strotsev er født i Minsk og regnes som en av …

Dette er (ei norsk attdikting av) ei samling dikt om situasjonen i Belarus ca. 2021 av ein belarusisk diktar. Dikta blei først publiserte i sosiale media, og ber preg av å vere frå ei konkret samanheng. Det løyser boka fint med å ha gode kommentarar undervegs til dikta, slik at ein kan lære noko om situasjonen. Sluttordet kunne godt vore eit forord, sidan då hadde det vore tydelegare korleis ein skulle forstå desse. Særleg om du berre snubla over boka, utan å vite noko om ho.