Rudi finished reading Kontoret by Øystein Hellesøe Brekke
Eg har tidlegare vore guide på Bryggen i Bergen og prata høgt og mykje om kva hanseatane gjorde. Eg skulle ønske eg hadde lese denne boka den gong då. Ikkje fordi eg sa mykje som var feil, men fordi eg i for stor grad omtalte dei som ein fast form, heller enn eit endrande landskap. Denne boka får flott fram korleis dei klarte å halde ein viss kontinuitet, sjølv om dei gjekk gjennom store endringar. Og eg liker korleis han hentar fram konkrete historiar (gjerne frå rettsdokument) og brukar dei til å forstå tida han skildrer.
Samtidig blei det av og til litt for mange namn og hendingar på få sider, som gjorde at det av og til gjekk litt i ball for meg. Men det handlar sikkert like mykje om at eg delte opp lesinga over lang tid.
