Rudi finished reading Berre bønder lengtar heim by Are Kalvø
I denne boka ser Are Kalvø på korleis det er å bu på Utsira opp mot korleis det er å bu i London. Men eigentleg er det ei bok der han raljerer om Utsira og utforsker skilet mellom by og bygd. Og han seier mykje klokt, hans skildringar og refleksjonar om Utsira står såpass godt på eigne bein at "prosjektet" som boka bygger på (med skjema og London-opphald) for meg er meir i vegen enn dei er nødvendige. Eg liker boka best når ho er på sitt mest essayistiske, der han koplar hendingar med tankar om bygdelivet generelt.
