User Profile

Rudi

Rudi@bookwyrm.social

Joined 2 years, 6 months ago

Lærar i norsk og historie. Datanerd. (Foto: Erik Skybak)

(Reviews in Norwegian)

This link opens in a pop-up window

Rudi's books

2025 Reading Goal

73% complete! Rudi has read 22 of 30 books.

finished reading Køen by Vladimir Sorokin

Vladimir Sorokin, Hege Susanne Bergan: Køen (Norsk bokmål language, 2009, Flamme forlag)

Norsk oversettelse av Sorokins post-moderne roman, der alt er bygget opp av replikker.

Her blei eg fenga av coveret på Fretex, det er ei fin utgjeving. Boka er ein post-moderne roman der ein får høyre kva som blir sagt i ein kø i Sovjet. Det er uklart kva dei står i kø for, men nokre detaljar kjem fram etterkvart. Det er hundrevis som står i køen, så ein får berre høyre fra ein liten del av han. Og det kjem ikkje fram kven som seier kva. Eg likte boka godt, det gjer eit inntrykk av ein sosial arena som ikkje finst meir, samtidig som det er eit snodig litterært eksperiment.

finished reading Tristan og Isolde by Joseph Bédier (Thorleif Dahls kulturbibliotek)

Joseph Bédier, Joseph Bédier, Lorentz Eckhoff: Tristan og Isolde (Norsk bokmål language, 1997, Aschehoug)

En rekonstruksjon av Tristan og Isolde på fransk prosa oversatt til norsk av Lorentz Eckhoff

Dette er ein rekonstruert utgåve av Tristan og Isolde som tek føre seg innhald frå mange ulike variantar. Ulempa med å lese denne, er at det jo er ei utgåve som aldri faktisk fantes i mellomalderen. Men fordelen er at ein får eit inntrykk av kva ein finn i dei ulike variantane. Og det er ei historie der det skjer mykje rart, så boka blei eigentleg aldri kjedeleg. Særleg likte eg dei hundre spedalske som dukka opp.

finished reading Solskyer. by Kristian Elster (U-bøkene)

Kristian Elster d.e. har dukka opp som namn i litteraturhistoria nokre gonger, men alltid som ein av dei berre var store i si tid. Denne boka ramla plutseleg i fanget på meg, så og sidan ho var ganske kort, kasta eg meg over ho. Det er ein tidvis ganske enkel fortelling om ulukkeleg forelsking, men nokre av karakterportretta er ganske fine. T.d. ein eldre, einsam mann som romanen sakte opnar opp for oss.

Men eg blei også distrahert av eit sidespor, romanen har nokre ganske rare skildringar av blikk, og særleg eit av dei er heilt absurd: "et overrasket, forunderligt nøgternt-forstandigt, skarpt-inkvirerende, misfornøjet-afværgende Blik". Inspirert av det, leita eg opp dei fleste blikka skildra i hans forfattarskap og laga ein slags generator: puha.no/2025/03/17/liste-kristian-elster-d-e-sine-blikk/

finished reading JPod by Douglas Coupland

Douglas Coupland: JPod

JPod is a novel by Douglas Coupland published by Random House of Canada in 2006. …

Ei tullete bok frå 2006 som tek samtida på kornet, eller i alle fall delar av ho. Boka følgjer ein kar som jobbar med speldesign, og høgdepunktene i boka vil eg seie er samspelet mellom han og dei andre han jobbar med. Særleg dei ulike utfordringane dei gjer kvarandre - truleg mest for å unngå å måtte jobbe. Samtidig går boka av og til litt langt, og nokre trekk (som eit halvhjerta forsøk på sjølvironi) synst eg ikkje fungerte så godt. Men det var kjekt å sjå tilbake på ei internett-nerde-tid som eg kjenner meg att i.

Keum Suk Gendry-Kim, Jarne Byhre: Ugress (Paperback, Norsk bokmål language, 2024, Pax)

Den koreanske tegneserien Ugress forteller historien om Okseon Yi, som blir tvunget inn i prositusjon …

Ein enkel strek og fine teikningar, men ein grufull historie om valdtekt og misbruk av menneske. Den føyer seg i tradisjonen etter Maus, der ein gjennom teikneserien kan setje bilete på korleis ein oppfattar noko. Eit ekte intervju med offeret er utgangspunktet, men ein forstår at dette er teiknaren sin forståing av det som blir fortald. Snubla over denne då eg såg gjennom Mammut-salet, men har no lyst til å finne meir av Gendry-Kim.

Lisa Aisato: Livet - illustrert (Hardcover, Norsk bokmål language, Kagge forlag) No rating

Lisa Aisatos samlede verker. Ingen illustrerer menneskenes frykt, håp og drømmer som Lisa Aisato. Her …

Aisato har her samla illustrasjoner gjort til ulike formål i ei bok med livslaup som raud tråd, og det fungerer eigentleg veldig fint. Illustrasjonane er ikkje meint å vere humoristiske, men dei har alle "eit poeng", gjerne eit visuelt eit, som gjer at dei fungerer fint uavhengige av dei korte tekstene (ofte berre ei halv setning). Sidan dei ikkje blei laga for å vere i ei samling, varierer teiknestilen litt - men det likte eg eigentleg.

Johan Harstad: Under brosteinen, stranden! (Hardcover, Bokmål language, 2024) No rating

Det er vanskeleg å vite kva ein skal tru om ei bok som dette mens ein les ho. Eg kan hugse at eg kjeda meg og var skeptisk undervegs, men eg var open for at boka kunne retteferdiggjere mykje av det til slutt. Og tja, det gjorde ho vel. Eller kanskje er det så lenge sidan at eg har gløymt kor "ille" det var, men eg la ho jo aldri frå meg. Og boka si "McGuffin" var god nok til å halde meg interessert. Men eg tenkte fleire gonger undervegs at Harstad sin forteljarglede nok er større enn mi leseglede.

Deler av boka er definitivt ikkje viktige for historia sin del, og eg kobla nok av i nokre av avsnitta. Men eg trur det er ein del av poenget. Boka går også inn for å vere ein stor roman med mange karakterer og stort spenn i tid og geografi. Men …

Christian Belgaux: Peter Wessel Zapffe - Åpninger i landskapet (Norsk bokmål language, Nasjonalbiblioteket) No rating

Filosofen Peter Wessel Zapffe (1899−1990) tok bilder gjennom nesten hele sitt lange liv, og arkivet …

Premisset for boka (og serien) er at biletearkivet hos Nasjonalbiblioteket ikkje berre er av historisk interesse, men at ein kan kurere ut eit utval som er særleg estetisk/interessant. Og fleire av bileta som er samla er definitivt tatt av ein som har eit auge for kva som er bra. Ein blir jo nysgjerrig om det berre er tilfelle i ei samling på fleire tusen bilete, men forordet gjer det tydeleg at fotografi også var ein viktig del av livet hans. Hadde eg lese meir av filosofien hans, hadde det kanskje vore meir interessant å reflektert over (manglande) samanheng.

Eg har lese denne dikt for dikt dei siste vekene. Det er nasjonalromantiske dikt der Grieg hyller både landskapet og folket - men først og fremst arbeidarane. Landskapet er vakkert, men det er også hardt, og mest av alt speglar det kor hardt det er å arbeide i det. Men eg blei ikkje så engasjert i ein del av dikta, eg er ikkje så god å setje meg inn i lyriske skildringar - så naturbileta gjekk av og til tapt på meg. Men eg liker korleis mange av dikta har eit sluttpoeng som på eit vis konkretiserer temaa han utforsker.

finished reading Jernvognen by Jason

Jason: Jernvognen (Norwegian (Bokmål) language, 2003, Bladkompaniet) No rating

Etter å he lese romanen av Riverton/Elvestad, måtte eg tilbake til teikneserien som eg las for ganske mange år sidan. Den gong då gjorde han inntrykk på meg, men eg gløymte fort detaljane i historia. Og eg trur kanskje at teikneserieformatet er litt for "raskt" for denne historia, om ein ikkje stoppar opp sjølv mellom rutene. Det er ein del detaljar og "stemningar" i historia som går tapt i overgangen, samtidig som Jason si tolking også gjer noko med historia. Men framover vil eg nok helst anbefale originalen, så kan ein heller lese denne etterpå.

Stein Riverton: Jernvognen (2015, Solum Bokvennen) No rating

Jernvognen! Usynlig og spøkelsesaktig ruller den over veiene på sommerøya og varsler ond, brå død. …

Eg hadde lese Jason sin teikneserieutgåve frå før, så eg hugsa deler av plottet - men det var mykje som var nytt for meg, eller som ikkje hadde fanga opp tidlegare. Dette er ei tidleg norsk krimbok, men ho er også nesten ein psykologisk thriller. Eg vil ikkje seie så mykje meir om plottet, men det er rart at dette ikkje er blitt laga film av.

Gabrielle Zevin: Tomorrow, and Tomorrow, and Tomorrow (2022, Penguin Random House)

On a bitter-cold day, in the December of his junior year at Harvard, Sam Masur …

Definitivt ei bok av si tid, men stort sett på eit positivt vis. Av og til stussa eg litt med kronologien - at fleire av tilbakeblikka verka meir som innfall hos forfattaren der og då enn som naturleg neste steg i historia. Boka er på sitt beste når ho feirar kreativitet og skaparvilje. Ho fekk meg av og til å tenke på ein utsegn frå Erlend Loe, om at mens han jogga så tenkte han på anmeldelsar av bøker han vil skrive. Med tanke på at dette er ei bok om dataspel, liker eg kor langt ho går i å dyrke litteraturinteressa til hovudpersonane.

(Og SimFarm er ein eldre gardsimulator enn Harvest Moon).

Herbjørg Wassmo: Karnas arv (Norwegian language, 1997, Gyldendal) No rating

Bok tre i serien om Dina, som ein lenge tenkte var den siste i serien før Wassmo kom med ei ny bok for nokre år sidan. For no blir nok denne den siste for min del. Første bok engasjerte meg veldig, då karakteren Dina var ein spanande måte å utforske Noreg på midten av 1800-talet. Andre bok var ikkje like spanande, då ein stort sett forlet garden og følgjer Dinas mindre interessante son. Tredje bok er vi tilbake til gards, men det var visst ikkje nok for min del. Det er mykje eg liker i desse bøkene, og Wassmo klarer fint å samle trådane mot slutten. Men mellom delane eg liker godt, er det ein del som eg gler meg til å kome forbi. (Eg kjem sikkert til å lese bok fire når eg har fått desse litt på avstand, sidan ho har fått gode meldingar.)