Rudi finished reading Agnete: drama i tre akter by Amalie Skram
Denne blei lest i skodespel-leseringen på jobb. Skram ga berre ut to skodespel i eiga levetid, dette og eit lystspel. I Agnete ser ho på ekteskap frå litt ulike synsvinkel, men med utgangspunkt i ein krets norske bohemar i København. Nokon er skilde, nokon er trulova, nokon er gifte. Sjølv om særleg andre akt ser ut til å vere tenkt som eit tidvis inderleg portrett av Agnete og hennar vanskelege situasjon, så er det mest av alt eit morosamt stykke med fleire gode replikkar. Av og til er det uklart om det er meint som humor eller ikkje, men eg vel å tru det. T.d. blir det å flytte til ein familie i Nordfjord omtalt som å vere begravd levande, og ein onkel frå distriktet henter med seg si niesa som skal bu hos han og sjå på at han er einsam. Eg ser at det er ein fjernsynsteater-variant av denne, tru om dei har tona ned humoren?