Rudi finished reading Mitt internett by Anne Gunn Halvorsen
Forfattaren ser på ein eigen oppvekst for å forstå meir av borna sin oppvekst, og med hjelp av dagbøker, intervju og noko research så får ho fram kva rolle Internett spelte i livet til dei unge i slutten av 90-åra. Eg kunne godt tenkt meg eit mer sakleg essay om det same, men eg synst også at dette prosjektet fungerer godt. Mest av alt saknar eg eit kritisk blikk på merksemindustrien, som var eit heilt anna beist i hennar oppvekst enn det er no.
Eg kjenner meg elles til dels att i å sitte oppe om nettene for å prate på IRC, og det å vere frå ei lita bygd. Men eg var mindre opptatt av å bli ein del av festmiljøa i regionen, så mi tid var etter mest på nerdete internasjonale praterom. Eg tenkjer ofte på kor tett eg var på alle dei folka den gong då, og kor fjernt det er for meg no.
(Dette er elles andre bok i år eg les der unge sitt møte med IRC er med. Den første var ein liten del av "Under brosteinen, stranden!")
