Back
John Sigvart Jamtli: Tungtvannsaksjonen (Norwegian (Bokmål) language, 2023, Strand forlag) No rating

Sabotør-serien minnar meg om europeiske teikneseriar som Asterix og Obelix og Blåjakkene. Ein tydeleg visuell stil med mange detaljar, ei blanding av seriøst plott og morosame stikk undervegs og ei historisk forankring. Det kan godt vere at me har meir av dette i Noreg, men eg har ikkje lese det i så fall. Og det seier vel noko om at me har begynt å få andre verdskrig litt på avstand. Denne boka tek utgangspunkt i ei historie eg kjenner til frå før, og det gjer at ho kanskje blir enda meir interessant - det blir som ein leik over noko kjent, og eg er ikkje redd for å bli "lurt" av teikneserieformatet. Eg liker også godt at det er kommentarar bak i boka der forfattaren fortel om friheitar han har tatt seg.