Back
Tony Warriner: REVOLUTION: The Quest for Game Development Greatness (2023, UFO Spares) No rating

Revolution: The Quest for Game Development Greatness charts the journey of celebrated adventure game developer …

Eg såg ei gong nokon seie at Kickstarter er som TV-shop for milenials. Eg endte i alle fall opp med å støtte denne boka, sjølv om eg ikkje har eit særleg sterkt forhold til Broken sword-serien. Eg har spelt minst to av spela, så har eg vel prøvd nokre av dei tidlega spela til Revolution Software også. Men dette er vel helst ei bok for fansen. Men: eg liker godt å lese om spelutvikling, og det var interessant å lese om problema (og suksessane) dei møtte undervegs som britiske "point and click adventure"-skaparar. Og denne boka er litt uvanleg, sidan ho knapt går inn på sjølve historiene i dei svært historie-baserte spela. Det er omtrent berre tekniske utfordringar (og praktiske/økonomiske problem).

Eg trur ikkje eg vil råde andre enn spesielt interesserte i å lese denne boka, men eg trur ikkje det er stor fare for at ein går i gang med ho utan å vere det.