Rudi finished reading Da Kurt Cobain stjal musikken by Kenneth Mydland
Denne romanen handlar om oppveksten i ei lita bygd på sørvestlandet ca. 80-90-talet, det vil seie like før mi tid. Det er ein debutroman på eit mindre forlag, og eg tenkte fleire gonger at dette ville nok neppe ha overlevd hos eit større forlagshus. Men eg er glad ho kom ut, for ho skildrar ei tid som eg kjenner att, men som elles kanskje ikkje ville vore representert i litteraturen.