Back
Brit Bildøen: Sju dagar i august (Nynorsk language, 2014, Samlaget) No rating

Ei bok om ei veke i eit ektepar sitt liv. Gjennom veka så blir ein kjent med korleis dei har havna der dei er no - blant anna at dei har mista ei på Utøya. Eg likte godt korleis boka klarar å flette inn ulike (og nyanserte) problemstillingar i liva til dei to. Det eskalerer litt, men det er jo nettop difor det er desse sju dagane i august boka handler om, og ikkje tida før og etter.