Back

finished reading Fvonk by Erlend Loe

Erlend Loe: Fvonk (Norwegian language, 2011, Cappelen Damm)

Etter at Gang- og Mosjonsforbundet har blitt avviklet på grunn av medlemsjuks, har den middelaldrende …

Eg har likt Erlend Loe heilt sidan han fekk meg til å lese att på ungdomsskolen. Litt av premisset for bøkene hans er at me menneske eigentleg er ganske enkle, men så kjem eit lag at vaksenheit å skjuler det etter kvart. Om ein er med på dette premisset, noko ikkje alle er, så er bøkene meir enn berre tullete. Men det er ofte ganske mykje rein tull også. Det er fleire element i boka som minner om det som har dukka opp i andre bøker av Loe, men er let meg ikkje provosere av det.

No, tretten år seinare, er det ganske vilt å tenke på at denne boka kom kort tid etter Utøya. Boka gjer ikkje narr av Jens Stoltenberg, men han koser seg med karaktertrekka hans. Eg liker å tru at tanken er at Stoltenberg her er sjølve Noreg etter den vanskelege tida.( Men det gjer det ikkje lettare å forklare "Gabriel" eller liger-pratet.)