Rudi finished reading Under brosteinen, stranden! by Johan Harstad
Det er vanskeleg å vite kva ein skal tru om ei bok som dette mens ein les ho. Eg kan hugse at eg kjeda meg og var skeptisk undervegs, men eg var open for at boka kunne retteferdiggjere mykje av det til slutt. Og tja, det gjorde ho vel. Eller kanskje er det så lenge sidan at eg har gløymt kor "ille" det var, men eg la ho jo aldri frå meg. Og boka si "McGuffin" var god nok til å halde meg interessert. Men eg tenkte fleire gonger undervegs at Harstad sin forteljarglede nok er større enn mi leseglede.
Deler av boka er definitivt ikkje viktige for historia sin del, og eg kobla nok av i nokre av avsnitta. Men eg trur det er ein del av poenget. Boka går også inn for å vere ein stor roman med mange karakterer og stort spenn i tid og geografi. Men samtidig så tematiserer ho tid, nostalgi og kva ein vel å gjere med livet sitt. Det er i alle fall dei tankane eg sit igjen med.