User Profile

Rudi

Rudi@bookwyrm.social

Joined 3 years ago

Lærar i norsk og historie. Datanerd. (Foto: Erik Skybak)

(Reviews in Norwegian)

This link opens in a pop-up window

2025 Reading Goal

Success! Rudi has read 35 of 30 books.

For ein del år sidan kjøpte eg eit digert Oda Krohg-portrett som eg framleis har på veggen. Det er det kjente portrettet frå ektemannen Christian der ho er kledd i raudt og blått. Folk er veldig begeistra for biletet, og eg forstår dei godt. Men det gjer også at eg har blitt tipsa om denne boka veldig mange gonger. No har eg endeleg lese ho og...tja. Eg sleit med å la meg gripe av Oda sin historie, og må seie at eg eigentleg foretrakk den mykje meir nøkterne biografien som blei skriven om ho (av Anne Wickstrøm). Men eg får lyst til å lese alle desse verka som blei til inspirert av henne.

Bitmap Books: The Art of the Box (Hardcover, 2023, Bitmap books) No rating

Denne boka ser på kunstarar som pryda eskene til dataspel på 80- og 90-talet (og litt fram til i dag). Eit av hovudpoenga, som blir sagt av mange av kunstarane, er at dei ofte hadde veldig lite å gå på når dei skulle lage illustrasjonane. Romskipa eller figurane var ofte berre nokre få pikslar. Det er interessant å lese kva kunstarane sjølv har å seie om prosessen, men det var ikkje spesielt interessant å lese boka frå perm til perm. Mange av kunstarane har svært like erfaringar og tankar, som gjer at det heile blir litt repetativt. Kunsten er herleg, då. Det er ikkje mange av verka eg har noko forhold til frå før, men det gjer ikkje noko. Ikkje overraskande nemner mange Frank Frazetta som inspirasjon.

finished reading The three-body problem by Cixin Liu (Remenberance of Earth's past, #1)

Cixin Liu, Marc Simonetti, Gwennaël Gaffric, Vincent Schmitt: The three-body problem (Hardcover, 2014, TOR)

Set against the backdrop of China's Cultural Revolution, a secret military project sends signals into …

Høgdepunktet med denne boka er korleis ho så tydeleg kjem frå eit kinesisk perspektiv. Her er det kinesisk historie, kultur og veremåte som dannar grunnlaget for historia, utan at det blir gjort noko vesen ut av det. Eg får lyst til å lese meir (scifi) frå heile verda, då det var så kjekt å setje seg inn i.

Sjølve historia har mange spanande moment, men også ein del som var mindre interessante. Det er noko med å lese skildringar av virtuelle verder som kjeder meg litt. Eg merka det også i Enders game og Ready player one. Tru kvifor? Den virtuelle verda i boka er jo ikkje mindre ekte enn den faktiske (fiktive) verda i boka.

Eg kontakta forlaget, og dei sa at dei ikkje har planar om å gje ut dei neste to bøkene i trilogien. Sukk!

Margaret Atwood: The Handmaid's Tale (1987, Virago Press Ltd)

The Handmaid's Tale is a radical departure for Margaret Atwood. Set in the near future, …

Eg liker veldig godt korleis denne boka bygger opp verda si og karakterane. Ein får gradvis eit større innblikk av kva som har skjedd, korleis verda no er og kven dei ulike karakterane er...Men eg skulle ønskje at ikkje alt hadde svara, for eg har jo sett TV-serien. Boka er likevel god, men eg føler at eg gjekk glipp av mysteriet og nysgjerrigheita eg elles ville ha hatt.

Øyvind Rimbereid: Lenis plassar (Hardcover, Norwegian (Bokmål) language, 2017, Gyldendal) No rating

Dette er mitt første eigentlege møte med Rimbereid, og det er litt tilfeldig at eg starta med denne boka. Det var kjekt å lese meg "med blyant" inn i diktet og personane. Det blei etter kvart færre spørsmålsteikn i margen, sjølv om eg nok ikkje var heilt med i alle delene. For kva var greia me desse plantane? Forma gjer også at ein må tygge meir på kjærleiksforholdet som er skildra. Valet av elektrikar og call-senter-jente gjer at historia verker meir rota i røynda, sjølv om bileta ofte er surrealistiske.

Agnes Ravatn: Gjestene (Hardcover, Norwegian language, 2022, Samlaget) No rating

Nominert til Bokhandlarprisen 2022!

«Hytta var ikkje så prangande og vulgær som eg hadde …

Ein morosam roman som peiker mot både kammerspelet og krimmysteriet. Du følgjer eit ektepar som har (noko motvillig) lånt ei veldig flott hytte. Hovudpersonen er kvinna i forholdet, og du får eit (artig)! innblikk i korleis ho iscenesetter seg sjølv og korleis ho les andre.

Inga Strümke: Maskiner som tenker (Hardcover, Norwegian language, Kagge Forlag)

«AI - teknologien som vil revolusjonere vår hverdag.»

Hvor raskt går utviklingen av kunstig …

Ei veldig fin innføring i kva som skjer i KI-feltet. Boka får fram historikken bak, den generelle situasjonen i dag og kva moglegheiter og farar som lurer i framtida. Strümke er særleg god når ho peiker på korleis me må ta risikoen på alvor. Og ho klarer det heile i eit lettbeint men (stort sett) sakleg språk.

finished reading Bucolica - gjetarsongar by Vergil (Kanon. Antikkens litteratur på norsk)

Vergil: Bucolica - gjetarsongar (Nynorsk language, 2016, Gyldendal) No rating

Vergils debutverk for første gong på norsk Vergil vann ein plass i verdslitteraturen med debutverket …

Dette var ei fin utgjeving. Eg har ingen forutsetning til å seie noko om kor god omsetjinga er, men dikta var fine å lese. Det er skrive inn litt kontekstinformasjon om dei, som gjer at det er lettare å forstå korleis dei både er ein del av gjeterdikttradisjonen og ein kommentar på tidlegare verk. Eg fekk lyst til å lese meir av kanon-serien.

Sid Meier: Sid Meier's Memoir! (2020, Norton & Company, Incorporated, W. W.)

Jeg skal ærlig innrømme at jeg ikke har spilt særlig mange av spillene til Sid Meier. Noen av dem så jeg mine eldre brødre spille da jeg var ung. Boka går kronologisk fra spill til spill, men det viktige for Meier er helheten, så om man ikke kjenner spilla går det likevel veldig fint å følge hans livshistorie og erfaringer. Og selv om memoarene ikke inneholder grenseprengende åpenbarelser, er det likevel fine refleksjoner rundt det å være skapende. Jeg liker særlig at han er opptatt av hvor viktig det var for ham å ha flere interesser. Han knytter de fleste spillene sine til interesser og opplevelser som ikke har noe med hans programmering/data-interesse å gjøre.

finished reading Dune Messiah by Frank Herbert (Dune Chronicles, #2)

Frank Herbert: Dune Messiah (2019, Penguin Publishing Group)

The extraordinary sequel to Dune, the greatest science fiction novel of all time. Twelve years …

Det er vanskelig å ha særlig sympati med noen i denne boka, men det er vel heller ikke meningen. Maktkamp og intriger er spennende, men jeg ble ikke så revet med i de prinsipielle samtalene de har. Her tror jeg alt ligger til rette for en film som overgår boka.

finished reading Dune by Frank Herbert (Dune, #1)

Frank Herbert: Dune (Hardcover, 1999, Ace)

"One of the monuments of modern science fiction."--Chicago Tribune

"A portrayal of an alien …

Dette er andre gang jeg leser Dune, men i årene mellom de to lesningene har jeg sett begge filmene og tv-serien, så denne gangen var det lettere å henge med på Herberts verden. Og denne gangen fenget det også mer. Dess mer enn lærer om Arrakis, dess mer interessant blir intrigene.

Men jeg er egentlig ikke så sikker på om det var nødvendig at noen karakterer kan se frem i tid. Det er sentralt i Dune-universet, men i denne boka (isolert) bidrar det ikke til å gjøre verden mer interessant.

Timothy Snyder: Om tyranni (Paperback, Norwegian (Bokmål) language, 2017, Press)

Eg veit ikkje heilt om boka har gjort seg fortent til den sterke symbolbruken på omslaget - men det er ei bok eg vil råde alle til å lese. Ho er ikkje så stor, og ho argumenterer godt for korleis ein aktivt må kjempe for demokrati og fridom. Boka er tydeleg eit resultat av Trump og ber preg av å ta utgangspunkt i Amerika, men poenga står. Kapittelet om å lese brukte eg som utgangspunkt for eit leseprosjekt med norskklassen min.

Marcello Toninelli, Bodil Moss: Dante - den guddommelege komedie som teikneserie, helvetet (Hardcover, 2007, TransFe:r forlag AS) No rating

Ein stripeserie bygga på Dante - på nynorsk. Serien held seg til historia, men klarar likevel å ha humoristiske poeng i kvar stripe. Av og til morosame, ofte heilt greie og ein del gonger litt vel tamt. Men det fungerer bra, og eg trur at det kan vere ein fin veg inn i Dante, sjølv om det er myke vrøvl. Omsetjinga er grundig og har truleg vore vanskeleg.